Gå til hovedinnhold
En jente holder en lys grønn paraply. Hun har på seg en rød regnjakke med hvite prikker.

Fritidserklæringa Vestland

Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre.
23.09.2024

Dette er visjonen i Fritidserklæringa Vestland. Vestland fylkeskommune og tolv andre offentlege og frivillige organisasjonar i fylket signerer Fritidserklæringa Vestland på Frivilligkonferansen i september 2024.

Du kan følgje konferansen direkte i nett-tv frå kl. 10 laurdag 28. september.

Fritidserklæringa bygger på FN sin konvensjon om barn sine rettar, artikkel 31. Denne handlar om at alle barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.

Gjennom Fritidserklæringa Vestland vil partane jobbe for følgjande mål:

  • Fritidsaktivitetane skal vere opne, trygge og inkluderande.
  • Vi skal jobbe for å fjerne barrierar for deltaking, både fysiske og psykiske.
  • Fleire arenaer for fritidsaktivitetar skal vere universelt utforma.
  • Vi skal sørge for at kostnadene blir låge, slik at økonomi ikkje hindrar deltaking.
  • Alle barn og unge skal kunne finne ein aktivitet dei trivst med.
  • Barn og unge skal kunne utvikle seg og oppleve meistring gjennom fritidsaktivitetar.
  • Vi skal sikre barn og unge sin medverknad i utviklinga av fritidsfeltet.

Den nasjonale fritidserklæringa var signert første gong i 2016 og på ny i 2022. Erklæringa er signert av Statsministeren, sju statsrådar, KS, Norsk kulturskoleråd og 19 paraplyar og organisasjonar frå frivillig sektor. I tillegg til den nasjonale fritidserklæringa har enkelte kommunar laga lokal fritidserklæring.

Fritidserklæringa Vestland er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå Vestland ungdomsutval, Vestland idrettskrets, Vestland frivilligsentralar, ALLEMED og fylkeskommunen. Samarbeidskomiteen for frivilligheit i Vestland har vore referansegruppe i arbeidet.

Fritidserklæringa Vestland er signert av

  • Vestland fylkeskommune
  • KS Vestland
  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Vestland ungdomsutval